Politiet i Nordmøre og Romsdal melder om ein mogleg skogbrann på Røymoen. – Brannvesenet er på veg no, og dei har førehandsvarsla Røde Kors som kan hjelpe med utstyr for å kome seg fram om naudsynt, seier politiet til NRK.
Brannstaden skal ligge søraust for Sunndal og sørvest for Oppdal. Politiet avventar vidare meldingar frå brannvesenet.
↧