Politiet i Nordmøre og Romsdal ønskjer tips etter uhellet og bilbrannen på Averøy tidleg laurdag. – Om nokon har tips om ein grå Volvo V40, 2001-modell med registreringsnummer UR64800, så må dei ta kontakt, seier operasjonsleiar i politiet til NRK. Politiet kan tipsast på 715 89 000 eller 02800.
Bilen blei funnen utbrent laurdag formiddag, og det er framleis uklart om nokon var i bilen. Politiet og teknikarar etterforskar saka.
↧